LÅNEAKTIVITETEN AUKAR: Ved Volda-kontoret til SpareBank 1 SMN er kunderådgjeverane Frank Vatne, Line Wiik Bjerknes og Torill Mina Aaland i sving med å ta i mot stadig fleire kundar som ønskjer ny finansiering på nyåret. (Foto: SMN) 

Auka pågang etter bustadlån

Dei første vekene i 2025 opplever bankane auka pågang etter nye bustadlån og refinansiering av eksisterande lån. Banksjef Mette Ryste i Volda bekreftar at den nye bustadlånforskrifta har medført auka arbeidsmengde.

Tekst: Magne Otterdal og Tellef Øgrim 

VOLDA: Mette Ryste fortel  at den lokale avdelinga av SpareBank 1 SMN har fått mange nye søknader og finansieringsbevis no etter nyttår.  

Også utsiktene til rentefall utover i det nye året vil auke aktiviteten med bustadfinansiering ytterlegare. 

STOR AKTIVITET

– Det er vanskeleg å seie om det er på grunn av endringa av regelverk, fordi det er forventning om rentenedgang eller berre at det er lagt ut fleire objekt, seier Ryste til Finansfokus. 

– Men det er stor aktivitet og mange av søknadene ligg mellom 80 og 90 prosent belåning i høve til verdi. 

MEIR Å RUTTE MED: Nye rammevilkår for bustadlån og utsikt til rentekutt om nokre veker, fører til auka pågang for banksjef Mette Ryste og hennar medarbeidarar ved Volda-kontoret til SpareBank 1 SMN. (Foto: SMN) 

Ryste har 10 kunderådgjevarar på laget, med henne i tillegg er det eit topptrena “fotballag” som tek seg av den auka pågangen frå nye og gamle lånekundar.  Ho bekreftar at det er meir enn fullt opp med arbeidsoppgåver i tida framover. 

HØGARE PRISAR 

Sjeføkonom Jan Ludvig Andreassen i Eika Gruppen tykkjer det kan være utfordrande for bankmedarbeidarar å gje råd til folk om finansiering og kjøp av bustad framover. 

Eg vil be folk om ikkje å låne for mykje

JAN LUDVIG ANDREASSEN, EIKA GRUPPEN

– Eg trur det er vanskeleg å gje råd til folk om dette, anna enn å be folk om ikkje å låne for mykje. Dette ikkje berre av omsyn til finansavtalelova, men rett og slett som god kundeoppfølgjing. 

Sjefsøkonomen peiker på det som kan være ei betydeleg utfordring i bankane si handsaming av bustadlån framover: bustadlånsforskrifta. Spesielt i byane, vil den føre til endå ei dreiing på prisskruen for bustadtypar det allereie er ein desperat manko på. 

Då regjeringa førebudde den justerte bustadforskrifta før nyttår, var også det ein av dei kritiske merknadene frå Andreassen. 

MANGLANDE UTBYGGING

– Kvifor slår dette negativt ut spesielt for dei små bustadene? 

– Dei som skal kjøpe noko over fem millionar kroner, har som regel nok eigenkapital. De er dei som skal ha bustad til rundt tre millionar kroner som slit mest. For dei som ikkje har hjelp av mamma og pappa, er det utruleg vanskeleg å få den første millionen på plass. 

VANSKELEG Å GJE RÅD: Sjefsøkonom Jan Ludvig Andreassen i Eika Gruppen synes det er vanskeleg å gje gode råd til lånekundar som vil å nytte seg av det nye eigenkapitalkravet til å auke gjelda. (Foto: Fretta/Tellef Øgrim) 

Andreassen trur at det nye eigenkapitalkravet berre vil gje ei ny dreiing på prisskruen. Bustadkjøparar som inntil no ikkje har hatt råd, kastar seg inn i konkurransen om dei små bustadene, særleg i dei større byane. Men samstundes vil ikkje sjefsøkonomen legge all skuld på eit lågare eigenkapitalkrav. Like mykje skuldast prispresset ei manglande utbygging av små bustader for hushaldningar med ein person. 

– No må alle betale meir for desse bustadene enn tidlegare, seier Andreassen. Han er viss på at det er auka byggeaktivitet som er løysinga på bustadkrisa, ikkje berre ein senka eigenkapitalterskel og rentefall. 

Newsletter

Abonner på nyhetsbrev

Legg igjen e-postadressen din og motta vårt ukentlige nyhetsbrev med de siste nyhetene fra finansbransjen.

I dag er det 2,7 millionar bustader i Noreg. I løpet av eit år blir 100 000 bustadar omsett. Av dette er 60 000 leilegheiter. 

Andreassen har ikkje tru på at dei nye rammevilkåra og rentefall vil tilføre marknaden fleire små bustader. 

– Korkje prisauke eller rentekutt vil gje oss fleire små leilegheiter. Det som bidreg med fleire små leilegheiter, er om vi får fleire eksempel på det ein har fått løyve til på Linderud i Oslo. Der blir det no bygd ei høgblokk med små leilegheiter. 

RENTEUTVIKLINGA VIKTIGAST  

Attende i Volda, der banksjef Mette Ryste merkar auka pågang for boliglån etter nyttår. Finansfokus spør om Ryste merkar auka konkurranse som følgje av justerte rammevilkår i bustadfinansieringa? 

– Eigenkapitalkravet er jo likt for oss alle, så det i seg sjølv verkar ikkje så veldig på konkurransen. Det er noko vi må handtere heilt likt, seier Ryste. 

Derimot vil renteutviklinga venteleg medføre auka merksemd på lånevilkår, når sentralbanksjef Ida Wolden Bache etter alle solemerke justerer renta ned på rentemøtet i mars. 

Mange vil pusse opp, skifte bil og gjere investeringar ein har venta med

mETTE RYSTE, SPAREBANK 1 SMN

– Prising er jo ein av dei største konkurransedrivarane. Det er heilt naturlig. Med eigenkapitalkravet og ein rentenedgang i lufta, vil mange hive seg rundt med å pusse opp, skifte bil og gjere investeringar ein har venta med. No har det vore ei litt tøff tid for mange. 

GODT RIGGA 

Ryste fortel at teamet hennar i SpareBank 1 SMN har nytta førjulsvinteren på oppdatering og kursing av medarbeidarane. 

–  Vi har legg stor vekt på oppdateringar og autorisasjonar, og vi har brukt mykje tid på dette før nyttår. Difor er vi veldig godt rigga med mange flinke rådgjevarar. 

Kundar som no vil auke opplåninga knytt til bustaden blir råda til å tenkje seg godt om, og ta seg ein skikkeleg prat med banken. 

– Når eigenkapitalkravet er sett ned og det kan lånast meir, kan ein fort bli veldig ivrig. Då er viktig å hugse at dette er gjeld en tek på seg og som en skal leve med over lang tid, seier banksjef Mette Ryste.