AUKA KONKURRANSE: Adm. dir. Trond Lars Nydal i Sparebanken Møre trur personleg kontakt med kundar er ein viktig grunn til at banken veks i Møre og Romsdal, trass i at dei blir utfordra av konkurrerande sparebankar både frå sør og nord. (Foto: Sparebanken Møre) 

Sparebanken Møre i skvis mellom gigantane

Adm. dir. Trond Lars Nydal i Sparebanken Møre let seg ikkje stresse av at SpareBank 1 SMN utfordrar frå nord og Sparebanken Vest frå sør, samstundes som konkurrentane fusjonerer seg større.

ÅLESUND: – Det er ikkje nødvendigvis positivt om det blir nokre få, store bankar att. Ei viss grad av mangfald er positivt for samfunna rundt omkring. Auka konkurranse gjer at vi må bli betre, meiner Nydal. Han er sjef for banken som er størst i eigen kjernemarknad i Møre og Romsdal. 

Dei siste åra har det skjedd ei stor omvelting i bankmarknaden i dette næringsaktive området, der blant anna fiskeri, offshore supply, verftsindustri og eigedom er store næringar. Forretningsbankar som Nordea og DNB har i hovudsak trekte seg tilbake til byområda. 

Samstundes har Sparebanken Vest etablert seg frå sør med finanshus i Ålesund som sitt førebelse ytterpunkt i nord. SpareBank1 SMN har ekspandert frå nord med fusjon med SpareBank 1 Søre Sunnmøre, og etablering ulike stader heilt sør til Førde i Sunnfjord. Også SpareBank 1 Nordmøre er å finne med kontor i Ålesund. 

Nyleg vart det kjent at Sparebanken Vest vil fusjonere med Sparebanken Sør.   

REKORDRESULTAT PÅ PRIVAT 

Trass i «angrep» frå både sør og nord kan Sparebanken Møre vise til rekordresultat. Nydal trur det kan ha samanheng med at sparebankane tek av privatmarknaden til forretningsbankane som trekkjer seg ut. 

– Vi får sjølvsagt med oss det som skjer rundt oss, og følgjer godt med. Eg skal ikkje avvise at det også kan vere aktuelt for oss å gå saman med andre på eit tidspunkt, men per i dag er vi nøgde med situasjonen slik det er. Vi har ein sterk posisjon i hovudmarknaden vår i Møre og Romsdal, og har også nyleg opna kontor i Oslo og i Hustadvika – den fjerde mest folkerika kommunen i fylket. Dei nye kontora har levert over forventningane. Vi har ambisjonar om vekst, slik det er no er planen å vekse gjennom aktiviteten vi allereie har, seier Nydal. 

Bankane som går saman blir opptekne med indre aktivitet 

Trond Lars NydaL, Sparebanken Møre 

– I samband med fusjonar ser vi at bankane som går saman blir opptekne med indre aktivitet. Det kan også vere ein grunn til at vi har hatt vekst. 

STØRST I NORDVEST 

Om lag 35 prosent av utlåna i banken er til næringsliv, 65 prosent til privatmarknaden. 

– Vi er det største finanshuset mellom Bergen og Trondheim med 410 tilsette, der kring 200 av dei er tilsette ved hovudkontoret i Ålesund. Vi er eit fullskala finanshus som leverer tenester innan alle finansområder, også eigedomsmekling, og forsikring gjennom Eika som no blir ein del av Fremtind Forsikring. Vi har eit kundesenter som nyleg vart kåra til best kundeservice nasjonalt for sjette år på rad, og vi gjekk nyleg inn i ein ny femårsavtale med Tietoevry om IT-tenester. Til saman føler eg vi er godt rusta til å møte endringane vi ser i bankmarknaden, seier Nydal. 

– Vi ser at kundane gjerne vil ha kontakt med rådgjevar i banken sin. I ei tid med auka digitalisering har vi gjort tilpassingar i kontorstrukturen, men i samråd med lokalmiljø og kundar har vi sørga for at dei likevel har ein kunderådgjevar i nærleiken. Erfaringa er at fagmiljøa må vere av ein viss storleik for at vi skal skape god utvikling. Eg trur nærleiken er ein viktig grunn til at vi har god vekst i ein utfordrande periode. 

HANDTERER UTFORDRINGAR 

– Argument for fusjon kan vere at det trengs større fagmiljø for å møte strengare reguleringar frå myndigheitene, eller behov for ressurskrevjande digitalisering. Eit anna argument kan være at mindre bankar som manglar IRB-godkjenning får denne godkjenninga om dei blir med i ein IRB-bank. Vi er både IRB-bank og store nok til å handtere dei utfordringane som ligg der slik det er. Vi må ikkje gå saman med andre for å oppnå dette, seier Nydal.  

Det har vore tøffe tider for viktige maritime næringar som offshore supply og verftsindustrien siste åra, men ifølgje Nydal er marknaden blitt betre. 

– Vi har tilbakeført nedskrivingar vi har gjort til dømes i offshore supply på grunn av at vi ser at vi truleg ikkje får dei tapa vi frykta. 

Resultata for andre kvartal 2024 viste ein utlånsvekst i personmarknaden på nær 1,5 milliardar kroner. Kvartalsveksten var den høgste for banken nokon gong. Dette skjedde samstundes som den nasjonale utlånsveksten generelt er låg og det er stadig tøffare kamp om kundane. 

Resultatet etter skatt enda på 555 millionar kroner etter andre kvartal, ein auke i resultatet på 20,1 prosent samanlikna med same periode året før. Kjernekapitaldekninga enda på 19,1 prosent, opp frå 17,6 prosent per andre kvartal 2023. 

IKKJE FERDIG MED ENDRINGAR 

Hovudtillitsvalt Marie Rekdal Hide sit også i styret i banken. Ho omtalar utviklinga i banknæringa som «veldig spanande». 

TRUR DET BLIR MEIR: Hovudtillitsvalt i Finansforbundet i Sparebanken Møre Marie Rekdal Hide trur det blir fleire endringar i banksektoren i tida som kjem. (Foto: Sparebanken Møre)

– Personleg trur eg ikkje vi er ferdig med endringar i bransjen vår. Sjølv om bankane er konkurrentar, er vi tillitsvalte også gode kollegaer som hjelper og støttar kvarandre. For dei tilsette i Sparebanken Møre står sjølvstendet veldig sterkt. Vi er vel omtrent den einaste banken på vår storleik som står att som sjølvstendig. Både leiinga og styret er veldig på, og følgjer med i utviklinga. Men eg føler ikkje det er uro blant dei tilsette for at vi skal bli fusjonert. Vi jobbar på med vårt, har god vekst og banken går bra, seier Rekdal Hide. 

Sparebanken Møre sende nyleg inn rammesøknad for planar om total rehabilitering av hovudkontoret midt i Ålesund sentrum. 

– Eg tolkar satsinga på hovudkontoret som eit teikn på at banken ser for seg ei framtid med hovudkontor i Ålesund. I fusjon mellom Vest og Sør seier ein til dømes at ein skal ha to hovudkontor, men korleis det reelt sett blir veit ein ikkje. Ein seier kanskje også at ingen skal miste jobben i ein fusjon, men i realiteten får ein kanskje ein annan jobb enn ein hadde.  

Eit høgt tal organiserte er ein fordel for dei tilsette, når bransjen no står i såpass mange endringar”

Marie Rekdal Hide, Sparebanken Møre

– Generelt er ikkje konkurranse negativt. Sparebanken Møre er ikkje redd for konkurranse. Nyetableringar er viktig for banknæringa her i byen. Vi jobbar med å auke talet på fagorganiserte. Det er vekst i medlemmer i Finansforbundet i Sparebanken Møre, der over 70 prosent er fagorganisert. Vi er glad for alle medlemmer vi får i regionen vår. Eit høgt tal organiserte er ein fordel for dei tilsette når bransjen no står i såpass mange endringar, meiner Rekdal Hide. 

Newsletter

Abonner på nyhetsbrev

Legg igjen e-postadressen din og motta vårt ukentlige nyhetsbrev med de siste nyhetene fra finansbransjen.