41 prosent vekst i finanskrim-jobbar

Dei siste fire åra har talet på tilsette med arbeidsoppgåver i kampen mot økonomisk kriminalitet, kvitvasking og terrorfinansiering auka med 41 prosent i finanssektoren. I dag er det 12 230 tilsette i norske bankar som har desse arbeidsoppgåvene. 

Bankane rapporterer årleg inn talet på tilsette innanfor AML-området til Finanstilsynet. Desse tala viser at medan 8 657 banktilsette jobba med AML i 2020, var tilsvarande tal i 2023 heile 12 230 tilsette. 

NYE KRIMJOBBAR: Sparebank 1 SMN søkjer kandidatar til to nye finanskrimjobbar no i september. (Faksimile av finn.no) 

Ifølgje Finanstilsynet gjeld denne granskinga alle norske bankar og kredittforetak inkludert norske filialar av utanlandske bankar. 

Denne grafikken viser veksten i finanskrimjobbar i bankane perioden 2020-2023. 

VILL VEKST 

Etterspurnaden etter folk med AML-kompetanse speglar seg i jobbmarknaden, og eit søk på finn.no dokumenterer det. I skrivande stund, siste veka i september, var det 30 ledige stillingar utlyst i 19 annonser under søket “økonomisk kriminalitet”

JOBBVEKST I KRIMKAMP: Teamleiar Tone Lien i Løpande kundetiltak i Sparebank1 SMN fortel om mange søkjarar til jobbar i kampen mot økonomisk kriminalitet. 

SpareBank1 SMN har nettopp utlyst to stillingar relatert til temaet. Den eine med annonsetittelen “Vil du være med å avdekke økonomisk kriminalitet”. 

Tone Lien er teamleiar for løpande kundetiltak i personmarknadsavdelinga i SMN, og ho er kontaktperson for søkjarar til stillinga. 

– Er det mange søkjarar? 

Liknande stillingar i banken tidlegare har fått mange søkjarar 

Tone Lien, SpareBank 1 SMN

–  Vi har akkurat lagt ut stillinga, og det var først i går folk begynte å søkje, så det er vanskeleg å svare på no. Men liknande stillingar i banken tidlegare har fått mange søkjarar, seier Lien til Finansfokus. 

KYC og AML 

Det er med andre ord gode tider for jobbsøkjarar med rett utdanning og erfaring. Den personen SMN er på jakt etter treng relevant utdanning på minimum bachelornivå, til dømes innan juridiske eller økonomiske fag. Det er heller ikkje ei ulempe for aktuelle kandidatar å ha jobba med antikvitvasking og terrorfinansiering. 

Newsletter

Abonner på nyhetsbrev

Legg igjen e-postadressen din og motta vårt ukentlige nyhetsbrev med de siste nyhetene fra finansbransjen.

Arbeidsoppgåvene på Tone Liens team med 10 rådgjevarar lokalisert i Trondheim vil være å innhente informasjon og dokumentasjon relatert KYC (Know Your Customer) og AML (Anti Money Laundering). I tillegg skal dei analysere kundeinformasjon og gjere risikovurdering basert på dei gjeldande AML-krava. 

KRIMAVDELING PÅ TJUVHOLMEN 

Jobbsøkjarar som vil gjere karriere i kampen mot økonomisk kriminalitet, blir freista både av både politiet og bankane. Side ved side står annonser for stillingar i til dømes Handelsbanken og Kripos. 

SIDE OM SIDE: Handelsbanken og Kripos, begge på jakt etter kompetansen innanfor feltet finansiell kriminalitet. Banken søkjer leier for avdeling med 100 tilsette, Kripos skal ha ny spesialetterforskar. (Faksimile av finn.no.) 

Handelsbanken søkjer rett person til å leie bankens arbeid mot økonomisk kriminalitet. Der får den nytilsette ansvaret for å leie avdelinga for Financial Crime Prevention. På få år har den vakse til nesten100 medarbeidarar, som nå har flytta inn i nyrenoverte kontor på Tjuvholmen i Oslo. 

Øystein Dahl i rekrutteringsfirmaet Jefferson Wells jobbar med rekruttering av leiarar. Han seier til Finansfokus at søket etter den rette personen til denne leiarjobben føregår i ein kombinasjon av annonsering og aktivt search. 

Det har vore ein stor vekst i talet som jobbar med dette feltet. 

Øystein Dahl, Jefferson Wells

– Det er klart at det har vore ein stor vekst i talet som jobbar med dette feltet. Det skuldast jo auka merksemd hos bankane og regulatoriske endringar, seier Dahl.  

JAKTAR NY LEIAR: Øystein Dahl i Jefferson Wells skal finne ny leiar for Handelsbankens avdeling for hindring av finansiell kriminalitet på Tjuvholmen. (Foto: Jefferson Wells.) 

Kompetansen på økokrimfeltet i bankane er i sterk utvikling akkurat no. Det er også eit kompetansekappløp med dei kriminelle. 

– Det betyr at når dei kriminelle utviklar seg, så vil jo det regulatoriske endre seg også. Så vil behovet for ulik kompetanse endre seg. 

“STEL” FOLK FRÅ POLITIET 

Da Kripos lyste ut stilling for spesialetterforskar innan finansiell etterforsking, er ikkje kompetansekrava så ulike dei som bankane legg vekt på. Grunnleggande kvalifikasjonar som høgare utdanning på minimum bachelornivå innanfor økonomi, revisjon eller rekneskap blir vektlagt. 

BANKANE “STEL” KOMPETANSE: Avsnittsleiar Kjetil Tunold i Kripos merkar godt konkurransen frå bankane om finanskrimkompetansen. (Foto: Kripos) 

Men det blir spurt etter spesialkvalifikasjonar som til dømes etterforsking der kryptovaluta er involvert. 

Vi spør på sms til kontaktperson for stillinga, avsnittsleiar Kjetil Tunold i Kripos om konkurransen frå bankane gjer rekrutteringa til politiet utfordrande. Han svarer at denne utlysinga neppe blir råka av konkurranse frå bankane, sidan Kripos søkjer etter personar med erfaring frå finansiell etterforsking i politiet. 

Vi mister kompetanse og personell, samt mister mange aktuelle søkjarar 

Kjetil Tunold, Kripos

– Reint generelt vil det private næringsliv lønne betre enn det offentlege, slik at vi mister kompetanse og personell, samt mister mange aktuelle søkjarar, melder avsnittsleiaren i Kripos til Finansfokus.