NY VURDERINGAR: Tove Selnes, konserndirektør people i Storebrand, introduserer “lær der du er, del der du kan”-slagordet for å auke omfanget av ettertrakta kompetanse blant dei som alt er tilsette i organisasjonen. Foto: Storebrand

No skal tilsette gjenbrukast!

No byrjar finansbedrifter å “gjenbruke” eksisterande medarbeidarar på fleire kompetanseområder, framfor å berre tilsetje nye medarbeidarar med etterspurd spesialkompetanse.

Tove Selnes, konserndirektør People i Storebrand, snakkar varmt om denne nye trenden som eit godt bidrag til å dekke det skrikande kompetansebehovet i organisasjonen.

– Framover vil vi vidareutvikle dei som allereie jobbar hos oss, i større grad enn det som har vore trendane tilbake i tid, det å skifte ut kompetanse med nytilsette, noko finansbransjen har gjort i stor grad, sa Selnes i ein diskusjon etter at Finans Norge hadde presentert rapporten om stoda når det gjeld kompetansen i næringa.

Selnes greia ut om korleis finanskonsernet har sett i gang ein offensiv for at den enkelte tilsette skal ta meir ansvar for eigen kompetanseutvikling, samstundes om ein blir meir medviten på å dele kompetanse med andre kollegaer.

Framover vil tilsette bli vurdert ut frå kor mykje ein tek ansvar for både eiga og andre kollegaer si utvikling. Storebrands nye kompetansekultur vert samanfatta slik: “Lær der du er, del der du kan!”

BÆREKRAFT, IT OG COMPLIANCE

“Alle” i finansnæringa skrik desperat etter folk med kompetanse innanfor bærekraft og klimarisiko. Heile 97 prosent av medlemsbedriftene i Finans Norge etterspør meir kompetanse på dette området, viser årets kompetansesjekk.

77 prosent av finansnæringa har eit udekka kompetansebehov, framgår det av kompetansesjekken som vart presentert på eit webinar i regi av Finans Norge nyleg.

Eit stort kompetanseområde der næringa framleis slit mykje med å finne folk, er ikkje overraskande it-området.

60 prosent av finansnæringa har opplevd å ikkje få fylt it-stillingar. Digitale ferdigheiter er d-ei viktigaste eigenskapane for finanstilsette i framtida, går det fram av funna i kompetansesjekken.

Compliance er det tredje store området der bedriftene slit ekstra hardt med å få inn tilstrekkeleg kompetanse.

Framover vil vi vidareutvikle dei som jobbar hos oss i større grad enn det som har vore trendane tilbake i tid

Tove Selnes

Arbeidslivsdirektør Runa Opdal Kerr opplyser at denne femte kompetansesjekken sidan 2016 har ei litt endra vekting med omsyn til talet på tilsette i dei ulike bedriftene, noko som gjev eit meir korrekte bilete av den reelle kompetansetrongen i næringa samla sett.

Ifølgje Opdal Kerr bør funna være interessante for både leiarar i bedriftene og akademia som skal utvikle undervisning for framtidige tilsette i finans.

INTERN BÆREKRAFT-OPPLÆRING

Årets kompetansesjekk viser at mange bedrifter i finanssektoren satsar stort på at eksisterande tilsette lærer seg meir om nettopp bærekraft og klima.

Over 80 prosent av bedriftene svarar at dei skal auke kompetansenivået for noverande tilsette innan bærekraft og klimarisiko, og eit fleirtal av bedriftene meiner dette område må kunnast av 40-60 prosent av arbeidsstyrken i løpet av dei komande to til tre åra. Dette gjelde tilsette med kundekontakt, analysearbeid i tillegg til dei som steller med compliance og risikostyring.

Svara i kompetansesjekken viser at det særleg er dei som driv med forretningsutvikling og strategiarbeid som i stor grad kjem til å få opplæring i bærekraft og klimarisiko framover.

KATT OG MUS

Kompetansesjekken fokuserer også på den stadig aukande krisa på it-området, der jakta på kompetansen kan minne om ein katt-og-mus-situasjon. Heile 60 prosent av finansnæringa har ledige stillingar som ikkje får søkjarar innan it-området. Bedriftene opplever også stor gjennomtrekk av it-tilsette.

Svara i kompetansesjekken viser at 59 prosent av dei nytilsette it-medarbeidarane sluttar før det har gått eit år. På spørsmål om verksemda kjenner årsaka til at nytilsette it-folk sluttar, vel 51 prosent av finansbedriftene dette svaralternativet:

– Ja, ein annan arbeidsgjevar tilbaud høgare løn.

Det er særleg kompetanse innan digitalinfrastruktur, der søkjarar som er gode på it-arkitektur, har greie på skyteknologi og generell it-tryggleik er svært etterspurt.