
Q&A: Inge Lindseth, HTV SMN: “Naturleg at bankar finn saman”
– Norske bankar vil halde fram med å fusjonere, meiner den erfarne hovudtillitsvalde i det største bankkonsernet nord for Dovre.
TRONDHEIM: Inge Lindseth var 21 år gamal då han etter to år som banktilsett fekk oppleve at heile 23 sparebankar i Trøndelag slo seg saman til SpareBank 1 SMN.
I dette Q&A-intervjuet med Finansfokus fortel Inge Lindseth om kva han tenkjer rundt mellom anna fusjonsaktiviteten i banksektoren, utfordringar både for tilsette og tillitsvalde og kva han trur vil skje i bankverda framover.
Det er viktig med god involvering av tillitsvalde i alle endringar.
inge lindseth, htv, smn
Han konstaterer ikkje minst at deltaking frå dei tilsette er avgjerande for å oppnå gode løysingar når det er fusjonar og andre endringar i banksektoren.
FUSJONANE VIL HALDE FRAM
Finansfokus: Kva tenkjer du om fusjonsbølgja som no pregar banksektoren?
Inge Lindseth: Fusjonsbølgjer er ikkje noko nytt for oss i SpareBank 1 SMN. Dagens bank er eit resultat av fleire fusjonar i Midt-Norge. Eg har jobba i banken i fleire tiår og har opplevd nokre fusjonar. Det er ein styrke å ha erfaring med slike endringar, både for tillitsvaldapparatet og organisasjonen, sjølv om alle slike endringar påverkar våre medlemmer. Fusjonar har vore ein del av banksektoren i lang tid, og det kjem til være slik også i tida som kjem.
Finansfokus: Korleis har fusjonane påverka SpareBank 1 SMN?
Inge Lindseth: Vi hadde ein fusjon med SpareBank 1 Søre Sunnmøre for omtrent to år sidan. Det var ein tilnærma perfekt match, der det ikkje var overlappande kontor mellom dei to fusjonerte bankane. Nedbemanning vart ikkje tema. I staden vart det satsing på fleire kontor som finanshus, og med merksemd på eitt SMN, til det beste for kundar og tilsette. Fusjonen har òg styrka lokalsamfunnet ved at det vart etablert ei stifting som er den største eigaren i SpareBank 1 SMN. Denne stiftinga har ein betydeleg kapitalbase som gir avkastning og støttar lokalsamfunnet.
Finansfokus: Kva kan endre fusjonstrenden framover?
Inge Lindseth: Det ser ut som nytteverdien med å fusjonere ein IRB-bank med ein standardbank har blitt svekka etter endringar i berekning av kapitalkrava. Men fusjonar vil framleis vere ein del av banksektoren, spesielt når det er gunstig for begge partar. Vi ser òg at større fusjonar innan sparebankverda har blitt meir vanleg. Det er naturleg at bankar finn saman for å styrke posisjonen og møte nye krav. Vi har sett fleire døme på vellukka fusjonar, og dette vil sannsynlegvis halde fram. Det er viktig at slike prosessar skjer på ein måte som ivaretek både tilsette og kundar.

MYKJE HAR ENDRA SEG
Finansfokus: Korleis har rolla som hovudtillitsvald vore for deg i utviklinga av banken?
Inge Lindseth: Eg har vore hovudtillitsvald i seks år og har vore i tillitsvaldapparatet i mange år. Det har vore ei spennande reise, og eg har fått med meg mykje av utviklinga i bankvesenet. Eg har òg vore tilsettevald i styret frå våren 2019, noko som gir ein unik innsikt i beslutningsprosessane.
Finansfokus: Korleis har arbeidet for bankmedarbeidarane endra seg sidan du byrja?
Inge Lindseth: Då eg byrja i 1982, var teknologien mykje enklare. Vi jobba på terminalar og minibankar vart tekne i bruk. No er vi endå meir teknologiorienterte og digitaliserte. Medarbeidarane i dag har ofte høgare utdanning, som bachelor- og mastergrader, noko som ikkje var så vanleg på 1980-tallet. Det er òg større vekt på kontinuerleg læring og utvikling.
MYKJE VIL ENDRE SEG
Finansfokus: Kva tykkjer du er dei største utfordringane for bankmedarbeidarar i dag?
Inge Lindseth: Det å halde tritt med den raske utviklinga – alt går raskare enn før. Det er viktig at medarbeidarar og våre medlemer er merksame på utviklinga og har moglegheiter til å påverke den. Vi har òg sett ei auke i bemanning innanfor område som AML og compliance, som har gitt mange nye stillingar innanfor eit nytt kompetanseområde.
Finansfokus: Korleis jobbar de i SpareBank 1 SMN med kompetanseutvikling?
Inge Lindseth: Vi har etablert eit akademi som går på tvers av alle forretningsområde for å sikre jamleg og god kompetanseutvikling. Dette er viktig for å kunne møte framtidige utfordringar. Akademiet bidreg til å utvikle både spesialisert og generell kompetanse, noko som er avgjerande for å kunne tilby gode tenester til kundane våre.
TRIVSEL STÅR HØGT
Finansfokus: Kva er viktig for medlemmane dine i dag?
Inge Lindseth: Dei er opptekne av å ha ein trygg arbeidsplass og eit meiningsfullt jobbinnhald. Konkurransedyktige vilkår og ein naturleg del av verdiskapinga er òg viktig. Trivsel på arbeidsplassen står høgt på agendaen. Det er viktig at medarbeidarane føler seg verdsette og har moglegheiter for utvikling.
Finansfokus: Korleis har Finansforbundet si utmelding frå YS påverka medlemmane og fagforeningsarbeidet?
Inge Lindseth: For medlemmane har det ikkje vore noko stor endring. Vi har sikra vidareføring av alle avtalene og gode medlemsvilkår. Det har vore viktig for oss å oppretthalde avtalestrukturen. Medlemmane har framleis tilgang til gode forsikringsordningar og AFP-ordninga, og vi har betra nokre av medlemsfordelane.
MÅ INVOLVERAST I ALLE ENDRINGAR
Finansfokus: Kva trur du om framtida for småbankar i Midt-Norge?
Inge Lindseth: Det er vanskeleg å seie, men småbankane kan få endå større utfordringar med regeletterleving og andre krav. Det kan føre til at dei finn seg større partnarar eller fusjonerer med andre bankar. Historisk sett har småbankane klart seg godt, men framtida kan by på nye utfordringar som krev tilpassing.
Finansfokus: Kva råd vil du gje til hovudtillitsvalde i andre bankar som fusjonerer?
Inge Lindseth: Det er viktig med god involvering av tillitsvalde i alle endringar. Dette sikrar betre beslutningar og gjennomføring. Tillitsvalde må vere merksame på utviklinga og vere med på å påverke den. God kommunikasjon og samarbeid er nøkkelen til å handtere endringar på ein god og effektiv måte.
SER LYST PÅ FRAMTIDA
Finansfokus: Korleis ser du på framtida for Sparebank 1 SMN?
Inge Lindseth: Vi har ein sterk posisjon i Midt-Norge og er også etablert i Oslo, og vi held fram med å satse på å levere gode banktenester. Vi har eit godt samarbeid med andre bankar i SpareBank 1-alliansen, og vil halde fram med å utvikle oss og tilpasse oss endringar i marknaden.
Finansfokus: Kva meiner du er dei tre viktigaste utfordringar for banksektoren i tida som kjem?
Inge Lindseth: Det er teknologisk utvikling, regulatoriske krav og endringar i kundeåtferd. Vi må være best mogleg førebudde på desse endringane og ha strategiar på plass for å møte dei.
Finansfokus: Til slutt eit språkspørsmål – korleis står det til med nynorsken i Sparebank 1 SMN, sidan de veks sørover Vestlandet?
Inge Lindseth: Vi nyttar nynorsk der det er naturleg, spesielt i område som Søre Sunnmøre og Nordfjord. Vi har stor respekt for lokalt språk og kultur, og vi tilpassar oss deretter. Noko som òg er viktig for å ha ein god relasjon til lokalsamfunnet og kundane våre.
FAKTA SPAREBANK 1 SMN
Talet på tilsette i SpareBank 1 SMN pr. 31.12.2024
- Morbank: 896
- Konsern: 1.832
Talet på ordinære medlemmer i Finansforbundet:
- Morbank: 594
- Konsern: 912
Talet pål tillitsvalde i SMN:
- Morbank: 30 (inkludert 10 varatillitsvalgte)
- Konsern: 38 (inkluder 10 varatillitsvalgte)
Viktige årstal og hendingar for Inge Lindseth i SpareBank 1 SMN:
- 1982: Fast tilsett i det som då var Trondhjems og Strindens Sparebank
- 1984: SpareBank 1 SMN etablert som ein regionbank etter samanslåing av 23 sparebankar i Trøndelag
- 1985: Spareskillingsbanken vart innfusjonert med SpareBank 1 SMN
- 1995: Etablering av SpareBank 1 Alliansen i 1995
- 2005:Kjøp og innfusjonering av Romsdal Fellesbank
- 2019: Lindseth vart vald som hovedtillitsvalgt i morbank, og vart då konsernhovedtillitsvalgt og tilsettevald styremedlem
- 2023: Fusjon med SpareBank 1 Søre Sunnmøre
- 2023: SpareBank 1 SMN, som er ein av Norges eldste sparebankar, feira 200-årsjubileum