
900 finanstilsette førebudd på krig
– Heimevernet er ein profesjonell og viktig del av forsvaret vårt. Vi trener hardt, og vi må vere budde på at det ein dag kan bli alvor, seier fenrik og banksjef Sindre Monsholm.
VOLDA: Banksjefen er ein av dei 900 heimevernsoldatane som til dagleg jobbar i bank, finans eller forsikring. Den nye geopolitiske uroa og Ukraina-krigen i det europeiske nærområdet gjev grunn til ettertanke i begge rollene både som troppssjef i Heimevernet og som banksjef i Sparebanken Møre i Volda.
Monsholm har faktisk mykje lengre fartstid i det militære enn i banken. Det er gått 20 år sidan førstegongstenesta i artilleriet med påfølgjande teneste i Heimevernet, der han leiar den eine troppen i innsatsstyrken til HV 11. Bank-karrieren starta for fire år sidan, og han har allereie avansert til banksjef.
LEIAR I BÅDE BANK OG FORSVAR
– For meg har leiarskap og det å ta ansvar vore naturleg. Det er nok mykje av grunnen til at eg både sit her som banksjef og at eg gjer teneste som troppssjef i Heimevernet, seier Monsholm.

Han peikar på at det er fleire likskapar mellom dei to rollene:
– I begge tilfelle handlar det om å ta avgjerder, organisere og byggje relasjonar. Det å leie ein tropp på øving og eit team i banken har mange av dei same prinsippa, sjølv om konteksten er heilt ulik, seier Monsholm
TVERRFAGLEG UTBYTE
Monsholm trekkjer fram at røynslene frå Heimevernet òg har stor overføringsverdi til jobben i banken.
– Det viktigaste eg har teke med meg frå Heimevernet til bankverda, er evna til å ta avgjerder under press. Som troppssjef må eg tenkje raskt, fordele ressursar effektivt og handtere uventa situasjonar. Dette er noko eg bruker dagleg i møte med kundar og i det strategiske bankarbeidet, seier han.
Det å leie ein tropp på øving og eit team i banken har mange av dei same prinsippa
Han peikar òg på korleis relasjonsbygging er avgjerande i begge rollene.
– Som leiar i Heimevernet må eg kjenne soldatane mine, forstå styrkane og svakheitene deira, og sørgje for at dei er motiverte. Det same gjeld i banken. Gode kundeforhold handlar om tillit, kommunikasjon og evna til å forstå kunden sitt behov. Det er mykje av det same prinsippet, berre i ulike rammer, forklarer han.
SPELAR VIKTIG TRYGGINGSROLLE
Med ein stadig meir tilspissa tryggleikssituasjon i Europa, meiner Monsholm at Heimevernet si rolle er viktigare enn nokon gong.
– Vi er heilt avhengige av å ha lokale soldatar som kjenner områda sine, seier han.
Han ser ei auka forståing i samfunnet for verdien av Heimevernet.
– Når eg går i uniform på jobben på den årlege “Uniform på jobben”-dagen før jul, får eg mange spørsmål frå kollegaer og kundar. Det er ein fin måte å vise at Heimevernet består av folk frå alle yrkesgrupper – frå bankfolk til handverkarar og akademikarar.
UTFORDRINGAR MED TID OG PENGAR
Å kombinere ei leiarstilling i det sivile med ei krevjande rolle i Heimevernet, er likevel ikkje utan utfordringar. Tenesta i Heimevernet inneber fleire veker med øvingar i året, i tillegg til planleggingsmøte og ekstra oppgåver.
– Vi trener i opptil to veker samanhengande både vår og haust, og som offiser har eg nokre ekstra dagar i tillegg, forklarer han. – Det går utover familietid, ferie og i nokre tilfelle òg arbeidstid. Eg har vore heldig som har ein arbeidsgivar som støttar meg, men det er ikkje alle som har det slik.

Økonomisk kan det òg vere utfordrande. Sjølv om det finst kompensasjonsordningar for tapt arbeidsinntekt, dekkjer dei ikkje alltid heile skilnaden mellom sivil løn og militær godtgjersle.
– Skilnaden mellom løna eg har som banksjef og den eg får som fenrik i Heimevernet er ganske stor, seier han.
– Det er eit minusrekneskap for mange, der ein i praksis endar opp med å betale av eiga lomme for å forsvare landet. Det er noko som må takast på alvor om vi vil behalde folk i innsatsstyrken, seier Sindre Monsholm.
FAKTA
- Heimevernet har om lag 40 500 aktive soldatar. 900 jobbar innan bank, finans og forsikring. Heimevernet har stor nytte av at mange har sivil kompetanse, blant anna innan finans og kundebehandling.
- Dei fleste soldatane trener fem dagar i året, medan befal trener sju dagar. Det finst òg ekstraordinær teneste ved behov.
- Soldatar får økonomisk kompensasjon frå Forsvaret, men vilkåra varierer. Sjølvstendig næringsdrivande kan oppleve større økonomiske tap. Ein ny avlønningsmodell som skal betre kompensasjonen, er på trappene.