GEOPOLITISK UVISSE: – Det verkar ikkje som kundane heilt har teke innover seg kva konsekvensar politikken til Trump kan få, seier banksjef Christian Eikenes i Sparebanken Vest avdeling Nordfjordeid. (Foto: JØRN-ARNE TOMASGARD)  

Aukar rådgjeving i uroleg tid

Den internasjonale uroa etter at Donald Trump overtok i Det kvite hus har ført til auka pågang  for kunderådgjevarane i dei norske bankane. Banksjef Christian Eikenes i Sparebanken Vest avdeling Nordfjordeid fortel at dei no stadig oftare har samtalar med kundar om privatøkonomien. 

NORDFJORDEID: – Vi merkar at uro i verdsøkonomien og geopolitiske handlingar kan skape usikkerheit blant kundane våre, seier Eikenes til Finansfokus. 

Han fortel at spørsmål om rente, inflasjon og marknadsvinging gjer at fleire ønskjer rådgjeving om økonomiske val og tryggleik for framtida. 

– Dette gjer at vi oftare har samtaler med kundar om sparing, renteutvikling og korleis kundane kan tilpasse endringar i økonomien, seier Eikenes 

OPPDATERER SEG 

– Korleis førebur Sparebanken Vest rådgjevarane på å møte bekymra og frustrerte kundar? 

– Vi har stor merksemd på å ruste opp rådgjevarane til å møte kundar i utfordrande tider. Vi får jamt oppdateringar og fagleg påfyll med interne samlingar og deling av erfaring. 

Banksjef Eikenes seier vidare at det er viktig at kundane kan ta kontakt for ein økonomisk gjennomgang og for å legge ein plan for framtida. 

– Det er også viktig for oss at kundene blir møtt med forståing, gode råd og løysingar som kan bidra til tryggleik i ei uføreseieleg tid. 

FLEIRE SPARER I FOND 

Blant spørsmåla mange kundar stiller, er kva president Trump sine ulike utspel om handelskrig vil bety for investeringar i aksjemarknaden. Eikenes fortel at den langsiktige trenden hjå kundane er at fleire vil spare i fond, trass all uroa. 

– Der ser vi ein stigande trend. Det er fleire som ynskjer å starte sparing i fond. Då er det generelle rådet fast månadleg sparing for å sikre seg mot svingingane.  

Newsletter

Abonner på nyhetsbrev

Legg igjen e-postadressen din og motta vårt ukentlige nyhetsbrev med de siste nyhetene fra finansbransjen.

Det store spørsmålet er om den geopolitiske uroa er undervurdert, sidan også forventingsbarometeret frå Finans Norge for første kvartal viser at norske hushald har auka tru på eigen økonomi framover. Det er vel å merke framleis er fleire pessimistar enn optimistar. Grunnen til auka optimisme er lågare inflasjon, lønnsauke og forventningar om lågare rente.  

– Vi ser at kundane på det jamne har gått litt opp i løn. Sjølv om lønsauken i stor grad er eten opp av inflasjon og høge prisar, er det forventningar fram i tid om lågare rente. Det gjer at optimismen stig, seier Eikenes. 

BUDSTADKJØPA AUKAR 

Bustad er den viktigaste satsinga for mange kundar, og pågangen etter gode råd, finansieringsbevis og lån aukar. Bustadprisane i Noreg steig 1,6 prosent i februar, 0,9 prosent korrigert for sesongvariasjonar. Så langt i år er bustadprisane opp 6,1 prosent, ifølgje statistikk frå Eiendom Norge. Eikenes fortel om store skilnader mellom by og land. 

– Lokalt på Nordfjordeid er bustadmarknaden framleis noko treig. Men vi følgjer med kundane våre som flyttar til byar som Bergen, Oslo og Trondheim når dei kjøper bustad der. Dei tek med seg sin lokale bankrådgjevar. Og i bymarknadene ser vi at aktiviteten aukar. Vi prøvar å strekkje oss langt for å hjelpe spesielt unge inn i bustadmarknaden. 

Eikenes fortel at det sidan mai i fjor har vore auka pågang av kundar som ber om finansieringsbevis til bustadkjøp, og at trenden har halde fram i 2025. 

–  Det handlar nok om at vi trur det kjem eit rentekutt fram i løypa. Samstundes som eigenkapitalkravet vart redusert frå 15 til 10 prosent frå 1. januar. Vi opplever at kundane er meir positive til utsiktene framover, seier Eikenes. 

FLEIRE VIL RÅDSLÅ OM RENTE 

Dermed har fleire kundar teke turen til banken med ønskje om å forhandle på rentevilkåra dei siste månadane. 

– Det er nok som følgje av påverknad frå media der forbrukarane får råd om å gå til banken og forhandle. Vi ser at fleire gjer det, både eigne kundar og kundar frå andre bankar kjem til oss og vil diskutere pris, seier Eikenes 

Eit felles trekk hjå dei som får problem er at dei kjem til oss veldig seint

Christian Eikenes, Sparebanken Vest, Nordfjordeid

Ifølgje banksjefen er også dei som slit med å betale for låna sine blitt fleire i ei tid der ei typisk lånerente fort har auka frå 2,5 til 6,5 prosent. Når kunden har venta i det lengste med å be om hjelp, får bankrådgjevaren også ei ekstra utfordring. 

– Eit felles trekk hjå dei som får problem er at dei kjem til oss veldig seint, seier Eikenes og legg til at eit råd han gjev til dei som får betalingsproblem er å kome så snart som mogleg til banken for å finne løysingar. 

 – Vi ser også at mange kjem til oss og vil refinansiere eksempelvis kredittkortgjeld og billån, og bake det inn i bustadlånet, fortel Eikenes.