Trønderbanken er jobbvinnar
Tre år etter fusjonen mellom sparebankane Hemne og Åfjord er det skapt 30 nye jobbar. No har Trønderbanken heile 86 medarbeidarar på lønningslista. Dermed er banken jobbvinnar i klassen for mindre sparebankar med under 10 milliardar i forvaltningskapital.
TRØNDELAG: Dei fleste av dei 49 sparebankane i denne gruppa har auka jobbtalet både i løpet av dei tre siste åra og over ein 12 månaders periode. Det visar Finansfokus’ ferskaste jobbmonitor basert på antal lønnsutbetalingar i september 2024 målt mot same månad i 2021. Med utgangspunkt i lønnsutbetalingar har dei 49 “småbankane” auka med over 200 jobbar til 1864 jobbar i september 2024.
Den soleklare vinnaren i jobbrangeringa er Trøndelag Sparebank, som også likar å kalle seg Trønderbanken. Dei hadde ein dobbelt så stor auke som Fjellbanken, SpareBank 1 Lom og Skjåk, som blei nummer to på jobbmonitorlista med ein auke på 15 jobbar.
Våren 2023 vart Trøndelag Sparebank eit resultatet av fusjonen mellom Hemne Sparebank og Åfjord Sparebank. Banken har no hamna på toppen av jobbmonitorlista for dei mindre bankane med 86 lønnsutbetalingar i september 2024. Det er ein auke på 30 frå same månad tre år i førevegen. Då var dei to svært små bankar med høvesvis 21 og 35 lønnsutbetalingar.
RINGDE BØRSBJØLLA
Då Finansfokus intervjua administrerande banksjef Tor Espnes i Trønderbanken før jul, var han på veg heim. Det var dagen etter at banken sine eigenkapitalbevis vart tekne opp til notering på hovudlista på Oslo Børs.
– Eg ringde i bjølla, og det var ei fantastisk oppleving rett og slett, sa Espnes før han gjekk om bord på flyet heim. Dei tilsette i banken, som på førehand hadde sikra seg til saman 18 000 eigenkapitalbevis til pålydande 90 kroner ved den retta emisjonen i starten av desember, kunne registrere ein god verdiauke til 113 kroner etter første dag på børs.
Dei tilsette fekk på førehand tilbod om totalt 61 111 eigenkapitalbevis til ein pålydande verdi av 5,5 millionar kroner, men mange av dei tilsette vegra seg tydelegvis mot å kjøpe. Sjefen sjølv og fleire andre i bankleiinga var derimot ikkje i tvil, og kjøpte maks av tildelinga som var 555 eigenkapitalbevis per tilsett. Dermed kunne banksjef Espnes notere over 10 000 kroner i verdiauke på sin konto etter første børsdag.
ROSER DEI TILSETTE
Espnes skryt av dei tilsette for innsatsen i samband med overgangen frå to småbankar til ein større, og kraftig veksande mellomstor bank. Trøndelag Sparebank viser at det ikkje er hogge i stein at fusjonar nødvendigvis fører til nedskjeringar i talet på tilsette. Det bekreftar den administrerande banksjefen.
– Hos oss har det vore det motsette. Då vi slo oss saman såg vi trongen for å styrke oss på enkelte områder, og vi har hatt ein kraftig vekst, seier Espnes.
Vi har tilsett fleire i staden for å skjere ned
tor espnes, trøndelag sparebank
– Vi har tilsett fleire i staden for å skjere ned og vi har førebudd oss på vidare vekst.
Ytterlegare ei stilling skal utlysast nett no, banken treng ein jurist til teamet på fire medarbeidarar som jaktar på svindel, kvitvasking og terrorfinansiering. I tillegg til eigen kompetanse, har banken stor nytte av Eika-alliansen både med omsyn til regeletterleving og digitalisering.
– Utan Eika i ryggen, trur eg det hadde vore tungt å vere ein såpass liten bank i den regulatoriske tsunamien som kjem, seier Espnes.
Samstundes med jobbveksten vil det og være nokre tilsette som førebur seg på å gå av med pensjon i tida som kjem.
NAMNEVALET EIN SUKSESS
Toppsjefen er godt nøgd med namnevalet for den nyfusjonerte banken. Det har tydeleg blitt godt motteke blant innbyggarane i storfylket Trøndelag, og nye kundar har kome til frå eit større område enn før fusjonen.
Pågangen har ført til at Trøndelag Sparebank har etablert to nye avdelingskontor etter fusjonen, og banken er no fysisk på plass i seks kommunar: Heim, Åfjord, Brekstad, Hitra, Frøya og Trondheim.
No marknadsfører banken seg også under “Trønderbanken” med nettdomenet tronderbanken.no.
Vi hadde nokre rundar på om vi skulle tore å ta eit så stort namn.”
tor espnes, trøndelag sparebank
– Vi hadde nokre rundar på om vi skulle tore å ta eit så stort namn, seier Tor Espnes. No angrar han ikkje på at dei tok sjansen:
– Namnet og veksten har gjort oss til ein robust bank!
FAKTA: JOBBMONITOR
Ved å analysere data fra Enhetsregisteret i Brønnøysund skipast ein monitor for jobbutviklinga i finansnæringa og tilslutta næringar. Jobbtala er basert på bedriftenes eigen, månadlege innrapportering av antal jobbar i A-meldinga til Enhetsregisteret. Arbeidsgjevarar og oppdragsgjevarar har plikt til å rapportere sine arbeidstakarar og frilansare til arbeidsgjevar- og arbeidstakarregisteret (Aa-registeret) via A-meldinga. Tala inkluderer permitterte. Tala omfattar næringskodene for finansieringsverksemd, forsikringsverksemd og pensjonskasser og tenester tilknytt finansierings- og forsikringsverksemd.
Jobbmonitor er utvikla av Finansfokus i samarbeid med analyseselskapet Kartlagt og nettbladet Fretta.no.