NYNORSK BANKSJEF: Administrerande banksjef Jørund Rong i Voss Sparebank trur nynorsk som målform kjem under press dersom banken blir del av ein større bank. Det har han ingen planar om. (FOTO: VOSS SPAREBANK)

Bokmål ikkje eit alternativ

Voss Sparebank strekkjer seg langt for å bruke nynorsk skriftspråk i møte med omverda. –Det krev ein god del og det kostar, men for oss handlar det om identitet. Bokmål er ikkje eit alternativ, seier banksjef Jørund Rong.

Legg du inn nynorskbanken.no i nettlesaren din kjem du rett til nettstaden til Voss Sparebank. Skrollar du nedover på sida kjem du til overskrifta «Han Ivar på kortet». Det handlar om at du som kunde i Voss Sparebank kan få nynorskens far, Ivar Aasen, som bilete på Visa-kortet ditt. Det fortel mykje om satsinga den frittståande sparebanken på Voss har på bruk av nynorsk som språk. I 2019 fekk banken målprisen til Voss mållag.

Administrerande banksjef Jørund Rong innser at nynorsk språk er under press i banknæringa, både som følgje av samanslåingar til større einingar og standardiserte skjema som kjem på bokmål.

STANDARDSKJEMA PÅ BOKMÅL

– I samband med nytt antikvitvaskingssystem frå dataleverandøren vår fekk me 300 spørsmål som skal ut til kundane våre. Desse måtte me oversetje. Det har ein kostnad, men det er viktig for identiteten vår, for å skilje seg ut. Det er naturleg, og eg trur det er viktig for kundane våre som også eig oss. Me er i vårt 181. år som bank, og me har ei lang historie med nynorsk. Eg meiner me har ei plikt til å nytte språket vårt. Ser me lenger fram, er heile det norske språket under press frå engelsk. Det er ei internasjonalisering der me må kjempe for å få bruke norsk, seier Rong.

Han innser at satsinga på nynorsk er personavhengig.

– Eg er nok ein av dei som er spesielt interessert i at me skal ta vare på nynorsk. Eg meiner me må vere medvitne.

Newsletter

Abonner på nyhetsbrev

Legg igjen e-postadressen din og motta vårt ukentlige nyhetsbrev med de siste nyhetene fra finansbransjen.

REDD ME HADDE TAPT

Banken Rong har leia i sju år leverer gode resultat. Totalresultatet første halvår enda på 50,3 millionar kroner, kjernekapitaldekninga på 29,1 prosent. Banksjefen meiner sjølvstendet sikrar nynorsk målføre.

– Blir me lagt under ei større eining, er eg redd me hadde tapt kampen. Det er ofte slik at marknadskreftene tek deg. Me har gode resultat og eg trur me skal få det til framover også. Me er med i Frendegruppen, eg trur eit slikt samarbeid er det beste for oss. Men me ser kva som skjer rundt oss. På Voss er det no tre bankar med kontor. Konkurransen har hardna til.

Det har ein kostnad, men det er viktig for identiteten vår, for å skilje seg ut.

Jørund Rong, Nynorskbanken

Det er ein lokalbank til på Voss – Vekselbanken. I tillegg har Sparebanken Vest, som skal slå seg saman med Sparebaken Sør og bli Sparebanken Norge, etablert kontor i bygda.

MÅ OMSETJE

Hovudtillitsvalt Rolf Haukås innser at nynorsk både har ein kostnad og krev ressursar, men han trur ikkje banken tapar på å bruke målføret.

– Det er klart ressurskrevjande i og med leverandørane våre ikkje leverer på nynorsk. Me må omsetje dokument. Folk bryr seg, særleg i vårt område der kundane nyttar nynorsk. Nokon er kundar fordi me er nynorskbank. Totalt sett trur eg ikkje me taper på det, seier Haukås. Han trur ikkje dei 28 tilsette i banken treng uroe seg for endringar.

– For oss er det avklart akkurat no. Eg føler ikkje at me treng å «gifte oss» med nokon. Men klart me ser kva som skjer rundt oss. Det byrjar bli langt mellom ulike bankar. Vossamiljøet er såleis heldig som har to lokale bankar og ein regionbank.

HOVUDTILLITSVALT: Rolf Haukås er hovudtillitsvalt i Finansforbundet i Voss Sparebank med 28 tilsette. (FOTO: VOSS SPAREBANK)

Sjølv har ikkje Haukås like sterke synspunkt på nynorsk som sjefen.

– Eg har ikkje noko imot nynorsk, og det er naturleg for oss som bank å bruke det sidan det er målføret på Voss. Eg trur ikkje at kundar eller potensielle tilsette vel oss bort fordi me er ein nynorsk bank. Nynorsk er eit aktivt, presist og klårt språk, slik at Voss Sparebank kanskje vert oppfatta som ein enkel bank å forhalda seg til.

Voss Sparebank etablerte i 2004 den første nynorske nettbanken i landet saman med Volda og Ørsta Sparebank. Banken i heimbygda til Ivar Aasen er i åra etter blitt til SpareBank 1 Søre Sunnmøre og nyleg ein del av SpareBank 1 SMN. Nynorsk var eit tema då banken vart ein del av SMN. Søkjer du deg inn på lokalkontora til SpareBank 1 SMN i Volda og Ørsta på nettet er det nytta nynorsk, men går du på nettstaden til SpareBank 1 SMN er det bokmål som møter deg.

I ei sak i Jærbladet i 2022 kom det fram at Jæren Sparebank fekk kritikk i lokalsamfunnet etter ei oppdatering av nettstaden der ein ikkje lenger kunne velje nynorsk.

NYTTAR KUNSTIG INTELLIGENS

Nynorsk var også eit sentralt tema då Sparebanken Sogn og Fjordane valde å bli med i SpareBank 1-alliansen. Banken med hovudkontor i Førde er i full sving med overgangen som offisielt skal skje 4. november.

Kommunikasjonsdirektør Johanne Viken Sandnes fortel at rundt ti medarbeidarar i banken har jobba med å kvalitetssikre tekst ein nynorskrobot har oversett frå bokmål. Til saman er det omsett 4500 sider.

– Det er kunstig intelligens vi har teke i bruk i samarbeid med SpareBank 1 Utvikling. Teksten roboten overset må kvalitetssikrast. Om lag ti personar har jobba med dette, men ikkje på heiltid. Nynorsk er viktig for oss i Sparebanken Sogn og Fjordane. Det er ein viktig del av identiteten vår, det er slik vi kommuniserer. Og vi føler ansvar for å formidle skriftspråket sidan vi er frå ein nynorskregion, seier Viken Sandnes.

NYTTA NYNORSKROBOT: Kommunikasjonsdirektør Johanne Viken Sandnes i Sparebanken Sogn og Fjordane fortel at dei har nytte kunstig intelligens til å omsetje 4500 sider frå bokmål til nynorsk i samband med at banken blir med i SpareBank 1-alliansen. (FOTO: VIDAR HELLE/SSF)

BLIR LEIESTJERNE

– SpareBank 1 har vore veldig positiv og uttrykt at dei gjerne vil ha med nynorsk språk i alliansen, seier Viken Sandnes.

Direktør i SpareBank 1 Utvikling, Espen Kjølberg, uttaler følgjande i ei sak publisert på nettstaden til Sparebanken Sogn og Fjordane.

– Nynorskiveren til Sparebanken Sogn og Fjordane kjem både kundane og heile SpareBank 1-alliansen til gode. Som lokale sparebankar møter vi kundane der dei er – også i dei digitale flatene. SpareBank 1-bankane har kontor i mange nynorskkommunar, og fleire av kundane og medarbeidarane våre er nynorskbrukarar. Då er det viktig for oss at dei også kan nytte målforma si i mobil- og nettbanken. Sparebanken Sogn og Fjordane, snart SpareBank 1 Sogn og Fjordane, blir ei leiestjerne i nynorskarbeidet framover.