MØTER DEI UNGE LÅNESØKJARANE:  Kåre Gåsbakk, rådgjevar i personleg økonomi i SpareBank 1 Hallingdal Valdres, meiner studielån bør takast ut av berekning av opplåningsgrad. (Foto: Øyvind L. Grønningen.)

– Fjern studielån frå gjeldsutrekninga!

Autorisert finansrådgjevar Kåre Gåsbakk i SpareBank 1 Hallingdal Valdres vil gjera det enklare for dei unge å kome inn på bustadsmarknaden. Difor sendte han sitt eige høyringsinnspel til Finansdepartementet.

ÅL: Med heile 36 års fartstid som banktilsett, har Kåre Gåsbakk solid bakgrunn for eigne meiningar. I høyringa til ny bustadlånforskrift, meiner han at studielån kan takast bort frå utrekninga av gjeldsgraden.

– Dette er noko eg har tenkt på lenge.  Det er ei gruppe her som kjem dårleg ut, spesielt dei som går ut og har fem års studium med master, dei slit. Det er ikkje likviditeten som er problemet, det er fem-gangaren. Eg håper dei kiker på det, seier Gåsbakk til Finansfokus.

Finansdepartementet har fått inn 27 forslag i høyringa om bustadslånforskrifta. Heile åtte av høyringsinstansane går tydeleg inn for å redusere kravet til eigenkapital frå 15 til 10 prosent ved lånefinansiering av bustadkjøp. Endå fleire meiner den såkalla fleksibilitetskvoten blir auka til 10 eller 15 prosent.

PROBLEMET ER FEMGANGAREN

Gåsbakk tek til orde for å ikkje ta med studielån i berekning av gjeldsgraden ved lånefinansiering av bustad.

Han og kollegaene har sett mange lånesaker der kunden når “taket” på maks lån fem gonger årsinntekt når studielåna er del av berekninga. Dette sjølv om likviditeten til lånsøkjaren er god nok til å kjøpe den bustaden ein ønskjer. Dermed vert mange nyutdanna med god inntekt hindra frå å kome inn på bustadmarknaden utan hjelp frå familie.

Newsletter

Abonner på nyhetsbrev

Legg igjen e-postadressen din og motta vårt ukentlige nyhetsbrev med de siste nyhetene fra finansbransjen.

– Det er mange gode grunnar til at studielånet ikkje blir teken med i gjeldsberekninga, argumenterer Gåsbakk. Han viser til at studielån har veldig mange ordningar for sjukdom, uføre, uventa hendingar, død mv. I motsetnad til bustadlån, kan ein for studielån søkje om heile 36 utsetjingar.

Det er ikkje likviditeten som er problemet, det er fem-gangaren.

kåre gåsbakk, sparebank 1 hallingdal valdres

Gjennom åra har han og kollegaene ved bankkontoret på Ål opplevd saker der eksempelvis par med samla ein million i studielån ikkje kjem i mål med finansiering av bustaden dei ønskjer seg.

– Har du sett på dei andre høyringsinnspela?

– Ja, eg har jo sett på dei. Det er jo mange organisasjonar som kanskje ser meir dei store linjene og aldri har jobba nede på kundeperspektivet. Så det var eigentleg fint å få kome med eit innspel her frå grasrota.

– Tre høyringsinstansar meiner forskrifta bør kuttast ut, kva meiner du?

– Eg meiner det er mykje bra med forskrifta, og er for at den blir forlenga, seier Kåre Gåsbakk. Han meiner forskrifta er eit godt verktøy i arbeidet med å handsame lånesøknader.

TRE VIL KUTTE, 20 VIL FORLENGE

Berre tre av dei 27 høyringsinstansane som har uttalt seg, inkludert Finans Norge, meiner utlånsforskrifta som går ut ved nyttår ikkje bør forlengast. Dei to andre instansane som meiner dette er Finansieringsselskapenes Forening og Eiendom Norge.

Dei argumenterer med at eksisterande forskrift er mogen for å ganske enkelt gå ut ved nyttår.  Eigedom Norge, til dømes, argumenterer med at kredittauken er komen ned til de lågaste nivået sidan 1990-åra, og at det har vore realgjeldsnedgong fordi lønnsauken og inflasjonen har vore høg samstundes med ein lav gjeldsauke.

Det burde ikkje være naudsynt å drive detaljstyring av bankane sine utlån.

Vigdis mathisen

Finans Norge argumenterer med at målsetjinga med utlånsforskrifta ikkje er nådd dei ti åra som har passert og at ordninga har medført store kostnader. Med dei endra makroøkonomiske omstenda og den lågare risikosituasjon som gjeld, meiner Finans Norge at Finansdepartementet må ta grep og køyre over innstillinga frå Finanstilsynet om å forlenge forskrifta.

– Tida er mogen for å avvikle denne inngripande reguleringa, skriv Finans Norge i høyringsbrevet til Finansdepartementet.

Blant høyringsinstansane er det derimot eit rungande fleirtal på 20 instansar som støttar Finanstilsynet i at utlånsforskrifta skal gjelde endå nokre år. Blant desse er Finansforbundet og andre arbeidstakarorganisasjonar som LO, YS og Econa.  Blant alle som støttar ei utlånsforskrift i ein ny periode, er det fleire nyansar.

VIL BEHOLDE: Finansforbundet, her med forbundsleder Vigdis Mathisen synes ikkje at bustadsforskifta skal gjeras permanent.

Finansforbundets høyring er ført i pennen av leiar Vigdis Mathisen, og ho er ikkje einig i at forskrifta blir gjort varig, men at den framleis skal vere eit førebels tiltak med jamlege vurderingar av kor relevant og eigna forskrifta er. Den nye perioden må avgrensast til to år, meiner Finansforbundet.

– Bransjen brukar store ressursar på å halde eit høgt kompetansenivå hos dei tilsette, blant anna gjennom autorisasjonsordninga administrert av Finaut. Det burde difor ikkje være naudsynt å drive detaljstyring av bankane sine utlån, skriv Vigdis Mathisen i høyringa.

REDUSERT EIGENKAPITAL OG AUKA FLEKSIBILITET

Heile åtte av høyringsinstansane går tydeleg inn for å redusere kravet til eigenkapital frå 15 til 10 prosent ved lånefinansiering av bustadkjøp. Endå fleire meiner den såkalla fleksibilitetskvoten blir auka til 10 eller 15 prosent.

Norges Bank er blant dei som meiner det er ok å redusere kravet til eigenkapital. I høyringsbrevet skriv sentralbanken at kravet til maksimal lånegrad bør vurderast endra frå 85 prosent til 90 prosent.

Huseierne, medlemsorganisasjonen for bustadeigarane, sluttar seg til dette synet som også blir fremma av Finans Norge – sistnemnde som eit sekundærsyn i fall utlånsforskrifta blir gjeldande etter nyttår.

Fleksibilitetskvoten, den delen av dei samla bustadutlåna bankane kan gjere ut frå skjønnsmessige vurderingar, meiner Huseierne bør være 10 prosent for heile landet. I fleire av dei andre høyringsinnspela er haldninga at den utlånskvoten bør aukast til 15 prosent, og nokre meiner fleksibilitetskvoten for Oslo bør være lågare enn resten av landet.

FAKTA BUSTADSLÅNSFORSKRIFTA

Høyringa om ny forskrift om finansforetaka sin utlånspraksis er avslutta. Finansdepartementet skal no sjå nærare på innspela frå fleire høyringsinstansar som har analysert, vurdert og kommentert framlegget frå Finanstilsynet. Gjeldande forskrift går ut 31. desember 2024. Sjå meir om saka her!