BEHAGELEG HANDEL: – Før sa folk gjerne at dei handla på nett på grunn av pris. I dag seier dei oftare at dei gjer det fordi dei opplever det behageleg, ifølgje Ardalan Fadai i Nets Norge.

Eit markant skifte i forbrukaråtferd

Nordmenns handlevanar er i endring. Det store spørsmålet framover er om norske butikkar klarer å halde på kundane, meiner salssjef i Nets Norge.

Det er vill vekst i netthandelen, ifølgje ein rapport frå selskapet Nets Norge, som utviklar digitale betalingsløysingar.   

– Vi såg ein organisk vekst allereie før korona-pandemien starta i 2020. Under korona vaks både handel og utviklinga kraftig, med nye leveringsmetodar, nye nettbutikkar og enklare betalingsløysingar. Det førte til vidare vekst, seier Ardalan Fadai.

Som avtroppande salssjef i Nets Norge, er han fornøgd med rapporten for 2023 som peikar på ein auke i norsk netthandel på 36 prosent i forhold til året før.  

Nyhetsbrev

Abonner på nyhetsbrev

Legg igjen e-postadressen din og motta vårt ukentlige nyhetsbrev med de siste nyhetene fra finansbransjen.

VANENE HAR SETT SEG

Ifølgje rapporten seier 88 prosent av nordmenn over 18 år at dei har handla på nett siste 30 dagar. Dette stemmer overeins med ein rapport frå PostNord, der talet for Norden er 82 prosent.

Nets rapporterer at også eldre opp til 79 år handlar meir på nett enn før. Både handel med reiser, tenester og fysiske varer, spesielt apotek- og matvarer, er i vekst.

Eg trur at vanene har sett seg.

Ardalan Fadai, Nets Norge

– Eg trur at vanene har sett seg. Krigen framover vil handle om kor vidt vi skal handle frå nasjonale eller utanlandske aktørar, meiner Fadai.

FRYKTAR URETTFERDIG KONKURRANSE

Runar Wiksnes, sjefanalytikar i bransjeorganisasjonen Virke, fortel at det fram til 2019 var nordmenns handel i utanlandske nettbutikkar som auka mest.

– Men dei siste fem åra har vi sett ein formidabel auke i handel i norske nettbutikkar, ikkje minst takka vere handelsstanden sine investeringar i digital og fysisk infrastruktur, seier Wiksnes.

OVER DISK: – Det meste av varehandelen skjer framleis over disk, men netthandelen har ein sterkare vekst, ifølgje Runar Wiksnes i bransjeorganisasjonen Virke. (Foto: Virke)

Han fryktar likevel det han kallar urettferdig konkurranse, særleg mot utanlandske nettbutikkar.

– På nett er det lett å samanlikne prisar, men vilkåra som gjeld, er ikkje alltid synlege. Vi opplever også tollfridomen for tekstilvarer i utanlandske nettbutikkar som uforsvarleg.

HANDEL OVER DISK

Ifølgje Wiksnes har 8 av 10 norske butikkjeder nettbutikk som del av tilbodet sitt. Kvar tredje krone i detaljhandelen blir omsett over internett, viser transaksjonsdata frå DNB.

– Det meste av handel skjer framleis over disk.

Runar Wiksnes, Virke

– Det meste av handel skjer framleis over disk. Mange ønskjer å dra nytte av kunnskapen til dei butikktilsette og få tilgang på varer med éin gong, seier han.

Ifølgje Opinions forbrukarundersøking for Virke i 2023, føretrekkjer halvparten av oss fysisk butikk framfor nettbutikk.

Men medan handelen i fysiske butikkar og på kjøpesenter veks med om lag 4 prosent årleg, er veksten i netthandelen rundt det dobbelte. Held det fram som no, vil om lag halvparten av handelen gå over internett i 2040, ifølgje Wiksnes.

ØNSKJER Å HANDLE NORSK

Ardalan Fadai meiner at utviklinga til butikkar og tenesteytande sektor i Noreg framover vil bety mykje for kor vidt folk vil halde fram med å handle nasjonalt.

Nets ser i undersøkinga ein svak auke i interessa for å handle globalt, men 62 prosent seier at dei helst handlar i Noreg. Hovudårsaka er at det kjennest bra å støtte små eller lokale butikkar. Ulempene er at utvalet er meir avgrensa og at varene kan vere dyrare, ifølgje dei spurte.

– Vi er i ein fase der mange har tileigna seg nye vanar. Kan vi få enda enklare løysingar, eller kan vi ta større omsyn til klimaperspektivet? Dette er noko forbrukarar etterspør, særleg unge, seier Fadai.

MÅ VISE TOTALTKOSTNAD

Framleis er det slik at omtrent halvparten kjem ut med ei vare når dei går inn i ein fysisk butikk. På nett er det berre 3 prosent som kjøper noko der og då, påpeikar han.

Når kundar blir spurte kvifor dei vel å forlate kjøpsaugeblinken, er eit vanleg svar at butikken ikkje tilbyr betalingsmetoden dei ønskjer å bruke. Kort er framleis mest populært, men Vipps halar innpå, ifølgje Nets-rapporten. Over nyttår vil fleire store bankar opne for den digitale betalingsløysinga Apple Pay.  

At totalprisen inkludert levering blir for høg, er ei anna årsak til at kundar lukkar nettlesaren, påpeikar salssjefen.

– Vårt råd er å vise leveringskostnaden så tidleg som mogleg. Da får kunden ingen negative overraskingar.