Får del i gode resultat: Når så mange investerer kvart år i ordninga, vil ein i aukande grad få utbytte når banken leverer gode resultat. Dette er positivt både for banken og tilsette, meiner administrerande direktør Trond Teigene i Sparebanken Sogn og Fjordane. (Foto: Sparebanken Sogn og Fjordane)

Difor er nesten alle tilsette eigarar

Både hovudtillitsvalt Camilla Chruickshank Holvik og administrerande direktør Trond Teigene i Sparebanken Sogn og Fjordane rosar ordninga med at tilsette kan kjøpe eigenkapitalbevis og bli medeigar i eigen arbeidsplass.

I 2022 innførte banken eit nytt spareprogram i eigenkapitalbevis for tilsette. Alle tilsette fekk då ein startpakke med ein verdi tilsvarande 20 000 kroner. Nytilsette får den same startpakken frå banken. Ordninga fordeler seg på 13 000 kroner  i eigenkapitalbevis i Sparebanken Sogn og Fjordane og 7 000 kroner i eingongsutbetaling for å dekke skatt.

– Det gjer at så godt som alle tilsette er eigarar i banken. Om lag 99 prosent av dei tilsette er eigarar, seier administrerande direktør Trond Teigene.

Banken tilbyr årleg tilbakekjøp for dei som ønskjer å selje.

– Nesten ingen sel. 80 – 90 prosent av dei tilsette investerer årleg i ordninga, og dei aller fleste kjøper mellom 50 og 150 bevis. Det utgjer ei investering på mellom 15 000 og 45 000 kroner, fortel Teigene.

Toppsjefen fortel at han sjølv per i dag har 4 075 eigenkapitalbevis i eigen bank, og han er godt nøgd med sparinga.

– Kursen då vi gjennomførte ordninga i vår, var 282 kroner per eigenkapitalbevis. Over tid har kursen utvikla seg positivt, og med incentivordninga som betyr at banken i realiteten investerer med deg, så har dette vore ei svært god ordning for våre tilsette. Dei to siste åra har også direkteavkastninga vore god, og utbytte i år var 25 kroner per eigenkapitalbevis. Det gir ei direkteavkastning på nærare 9 prosent, målt mot kursen på bevisa i vår.

Leiing og tillitsvalde trur på verdien i at tilsette blir eigarar i banken

Camilla Chruickshank Holvik

FÅR 50 GRATIS ETTER TO ÅR

Ordninga er bygd opp slik at for dei første 50 bevisa tilsette kjøper kvart år, vil dei etter to år automatisk motta 50 nye bevis som banken betalar. For dei neste 100 bevisa vil ein tilsvarande motta 25 nye bevis etter to år. Føresetnaden er at ein ikkje har selt bevisa i denne perioden. Tilsette kan kjøpe inntil 1000 bevis årleg i ordninga, men godane med ekstra bevis er berre knytt til dei første 150. Ordninga er lik for alle tilsette. Tilsette får tilbod om å kjøpe eigenkapitalbevis i banken som ei årleg ordning kvar vår. Eigenkapitalbevisa er fritt omsettelege.

Også hovudtillitsvalt Holvik fortel at ho sparer i eigenkapitalbevis i eigen bank.

– Eg har spart i 50 eigenkapitalbevis kvart år sidan ordninga starta, noko som gjer at eg etter to år får 50 nye eigenkapitalbevis. Kor mykje den enkelte investerer vil variere alt etter lønn og livssituasjon. Nokon har kanskje ikkje høve til å spare. Sjølv har eg tre born og stort huslån, så sparinga må tilpassast. I tillegg er eg inne i andre spareformer som til dømes fond, fortel ho.

FINANSFORBUNDET MED AKTIV ROLLE

Holvik seier Finansforbundet har teke ei aktiv rolle for å få i stand ordninga med medeigarskap.

– Dette er noko vi er veldig nøgd med å ha fått på plass, og det er noko Finansforbundet sentralt har oppmoda oss om å jobbe for. Vi var med i prosessen med å setje opp ordninga og har stilt oss bak frå starten. Vi har hatt eit godt samarbeid med leiinga. Det var noko alle ynskte å få i stand, fortel ho.

Må tilpassast: Nokon har kanskje ikkje høve til å spare, og sparinga må tilpassast livssituasjonen, meiner hovudtillitsvalt i Finansforbundet i Sparebanken Sogn og Fjordane Camilla Chruickshank Holvik. (Foto: Sparebanken Sogn og Fjordane)

– Leiing og tillitsvalde trur på verdien i at tilsette blir eigarar i banken. Det fører til sterkare lim mellom den tilsette og banken, felles interesse styrkar samhaldet, det gjev større nysgjerrigheit rundt verdiutvikling, tilsette får sin del av verdiutvikling og utbytte, det vert auka fokus på investering og sparing, og det aukar attraktiviteten som arbeidsplass. Forsking understøttar verdien av eigarskap i eiga bedrift.

– Dette er ei langsiktig sparing, og investeringsviljen meiner eg viser at dei tilsette har tru på at banken vil ha ei positiv utvikling i tida som kjem. Dette er også basert på det strategiske valet banken tok i fjor om å kjøpe seg inn i SpareBank 1-alliansen, meiner Holvik.

Ho trur medeigarskap sikrar lojale tilsette.

– I og med at dette er ei langsiktig ordning, så har den tilsette mange år på å byggje opp talet på eigenkapitalbevis. Dette har eg tru på er med å halde på tilsette og deira kompetanse i banken over tid.

Ifølgje Holvik investerte dei tilsette 9 millionar kroner i fjor og 9,4 millionar kroner i år i ordninga. I 2023 nytta 230 tilsette seg av tilbodet.

TEK DEL I VERDISKAPINGA

Trond Teigene meiner ordninga også er god for banken, mellom anna i samband med rekruttering. Medeigarskap kan bidra til at dyktige tilsette blir verande.

– For oss er det viktig med ei ordning som aukar medeigarskapen for tilsette og ei ordning som gjer at dei tilsette får noko igjen for å investere. Å tildele kostnadsfrie bevis etter to år bidreg til dette. Investerer ein kvart år, vil ein årleg kunne få ein god auke i talet på eigenkapitalbevis og dermed fin verdiauke på investeringa. For dei som investerer i ordninga kvart år, kan mange relativt raskt få eit bra eigarskap i banken som gjer at ein gjennom verdiutvikling og direkteavkastning får ta del i verdiskapinga. 

Det er ein del av ei samla pakke som gjer banken til ein attraktiv arbeidsgjevar

Trond Teigene

– Vi trur ordninga skaper større interesse for verdiskaping og lønnsemd i banken, og kva som påverkar dette. Når så mange investerer kvart år i ordninga, vil ein i aukande grad få utbytte når banken leverer gode resultat. Dette er positivt både for banken og tilsette.

– Medeigarskap åleine er ikkje nok til å behalde eller rekruttere kompetanse, men det er ein del av ei samla pakke som gjer banken til ein attraktiv arbeidsgjevar. Vi syns likevel det er utruleg kjekt at når du blir tilsett, så blir du også automatisk eigar gjennom «startpakken» vi gir nytilsette. Det er noko vi brukar aktivt i dialog i rekruttering. Startpakken bidrar til å trigge nysgjerrigheit rundt eigarskap og spareordninga, og vi opplevde i vår at nytilsette det siste året vel å investere vidare i banken, seier Teigene.

Den største eigaren i Sparebanken Sogn og Fjordane er Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane med 93 prosent eigarskap.