Kickstartar sparing for kvinner i Nord-Norge
Våren 2023 var sparinga blant kundar i SpareBank 1 Nord-Norge rekordhøg. Foredraget til Linda Tofteng Eliassen får noko av æra. – Eg har klart å gjere eitt eller anna som gjer folk inspirerte og motiverte.
– Berre for at de er her og høyrer på foredraget, kjem de lett til å spare 20 – 30.000 berre i hushaldsutgifter på eitt år!
Dette er noko av det første forbrukarøkonom Linda Tofteng Eliassen seier når ho startar sitt 2,5 timars foredrag om privatøkonomi. Foredraget, som har gått for fulle hus i Nord-Noreg i år, starta som spare-workshops for veninner. Så fekk Eliassen ideen: Kvifor ikkje få med fleire? Vener inviterte vener, og i november 2022 heldt ho sitt første av det som skulle bli ei lang rekke foredrag for kvinner i byar i Nord-Noreg.
Denne haustdagen snakkar ho til kollegaer i SpareBank 1-gruppen i Oslo. Rett som det er ler dei høgt, sjølv om det står «AFP» på presentasjonen.
SA FARVEL TIL KJÆRASTEN
Etter foredraga har Eliassen fått klemmar, takkemeldingar, skryt. Éi kvinne fortalde at ho endeleg hadde fått mot til å bryte ut av eit dårleg forhold. Ei anna greip tak i Eliassen på ein hurtigbåt og fortalde at ho, som aldri hadde klart å spare, no hadde spart 50.000 kroner.
Og så er det tala frå SpareBank 1 Nord-Norge, der Eliassen jobbar: Våren 2023 hadde banken 40 prosent fleire nystarta spareavtalar enn same periode dei to åra før. Auken var større enn i dei andre bankane i SpareBank 1-gruppen. Talknusarane i banken kunne ikkje finne noko anna årsak til differansen enn foredraget.
Mi erfaring er at det handlar om tryggleik.
Linda Eliassen, forbrukerøkonom, SNN
– Mi erfaring er at det handlar om tryggleik. Det er utruleg mange som seier at dei trudde dei forstod korleis ting hang saman, men at no er dei endeleg sikre, seier Eliassen.
ENDRA PENSJONSAVTALEN PÅ DO
Kva er det eigentleg ho snakkar om? Eliassen gjev eit krasjkurs i sparing, pensjon, lån og renter, forbruk, forbruksgjeld og hushaldningsutgifter. Språket er forståeleg og illustrasjonane enkle. Krydderet er diverse anekdotar – og ein god dose drøy nord-norsk humor. Til og med orgasme er ho innom, medan salen raudnar lett.
Ifølgje Eliassen sjølv er pensjonsdelen høgdepunktet i foredraget.
– Det er utruleg fint at folk får kjensla av å eige det norske pensjonssystemet og vite at det gjev dei moglegheiter. Kanskje justerer dei nokon draumar og planar, seier ho.
Bernadette Eirheim, ei av dei på første rad, nyttar høvet på toalettet i pausen:
– Eg gjorde om på pensjonsavtalen min og endra til høgare aksjedel. Det er artig at ein så lett kan gjere det på mobilen, seier ho.
Ifølgje Eliassen kan ei slik endring bety 200.000 kroner meir i pensjon.
KUNNSKAP OG MOTIVASJON
Bankfolk har ikkje alltid vore dei beste til å kommunisere, meiner ho – ord som «lånegrad», «gjeldskrav» og «likviditet» er kompliserte. Men ho opplever at mange i bransjen i dag kommuniserer betre enn før.
Noko av det som truleg får hennar eige foredrag til å slå an, er at kunnskapen er pakka forståeleg inn, meiner ho.
Eg har klart å gjere eitt eller anna som gjer folk inspirerte og motiverte.
Linda Eliassen, SNN
– Men kunnskap åleine er ikkje nok til at det tar av. Eg har klart å gjere eitt eller anna som gjer folk inspirerte og motiverte, seier ho.
HAVKAJAKKEN HAR EIGEN KONTO
Det er både kvinner og menn i salen denne gongen. Det er få som gjespar. Eliassen snakkar om aksjefondsparing, som passar for dei som har mage til det. Om cortadoen ho unner seg tre gonger i veka fordi det er eit bevisst val. Om all maten vi kastar. Og om havkajakkontoen sin, som ho starta då ho ønska seg ein havkajakk.
– Ein konto kostar ingenting, og det er visualiseringa av målet, forklarer ho for publikum.
Etter 2,5 timar rungar applausen.
SJEF I EIGEN ØKONOMI
Linda Tofteng Eliassen har i hovudsak retta foredraget sitt mot kvinner. Dette er til dels fordi det framleis er færre kvinner enn menn som har starta privat pensjonssparing og færre som har auka aksjedelen i sparinga.
Det er ingenting i foredraget som ikkje passar for menn, òg.
Linda Eliassen, SNN
– Men det er ingenting i foredraget som ikkje passar for menn, òg, seier ho.
Ho er forundra over kor lang tid det tok for nordmenn å endre åtferd då økonomien i samfunnet endra seg. Først i det siste har forbruksgrafane peika nedover.
– Det er som om vi har venta på at staten skal ordne opp. Men økonomien vår er ikkje noko som berre er der ved sida av oss. Du er sjølv sjef i din økonomi, og det er mykje du både kan og må styre sjølv.
FAKTA OM FOREDRAGET
«Spar mæ! – Aldri i verden» vart vinteren og våren 2022-23 halde 24 gonger for kvinner i Tromsø, Alta, Finnsnes, Bodø, Narvik og Harstad.
• Foredraget tar for seg norsk privatøkonomi, pensjonssystemet, sparing, lån og renter, oversikt og organisering av eigen økonomi, forbruk og vanar, forbruksgjeld, målsetjing, sparing til barn og unge, hushaldningsutgifter.
• Målet er å gje folk kunnskap, inspirasjon og motivasjon.
• Foredraga vil halde fram utover hausten 2023.